20 Gå opp på Libanon og skrik ut,rop høgt i Basan,skrik ut frå Abarim-fjella,for alle elskarane dine er knuste.
21 Eg tala til deg då alt gjekk godt,men du sa: «Eg vil ikkje høyra.»Det var din veg frå ungdomen av,for du ville ikkje høyra på mi røyst.
22 Vinden skal gjeta alle gjetarane dine,elskarane dine skal førast bort som fangar.Då får du skam og vanære attfor alt det vonde du har gjort.
23 Du som bur på Libanonog har bygd reir i sedertrea,kor du stønnar når smertene kjem over deg,rier som hos ei fødande kvinne!
24 Så sant eg lever, seier Herren: Sjølv om du, kong Konja av Juda, son til Jojakim, var ein signetring på mi høgre hand, ville eg riva deg av.
25 Eg gjev deg i hendene på dei som står deg etter livet, og som du er redd, kong Nebukadnesar av Babel og kaldearane.
26 Eg kastar både deg og mor di som fødde deg, bort til eit anna land der de ikkje vart fødde, og der skal de døy.