23 Du som bur på Libanonog har bygd reir i sedertrea,kor du stønnar når smertene kjem over deg,rier som hos ei fødande kvinne!
24 Så sant eg lever, seier Herren: Sjølv om du, kong Konja av Juda, son til Jojakim, var ein signetring på mi høgre hand, ville eg riva deg av.
25 Eg gjev deg i hendene på dei som står deg etter livet, og som du er redd, kong Nebukadnesar av Babel og kaldearane.
26 Eg kastar både deg og mor di som fødde deg, bort til eit anna land der de ikkje vart fødde, og der skal de døy.
27 Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma tilbake til.
28 Er då denne Konjaeit vanvørdt kar som skal knusast,ein reiskap som ingen bryr seg om?Kvifor er han og hans ætt kasta ut,slengde bort til landet dei ikkje kjenner?
29 Land, land, land, høyr Herrens ord!