23 Er eg ein gud som er nær, seier Herren,og ikkje ein gud langt borte?
24 Kan nokon gøyma seg på hemmelege staderså eg ikkje ser han? seier Herren.Fyller ikkje eg både himmel og jord?seier Herren.
25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som profeterer løgn i mitt namn: «Eg har drøymt, eg har drøymt.»
26 Kor lenge har profetane tenkt å profetera løgn, svik frå sitt eige hjarte?
27 Med draumane som dei fortel kvarandre, har dei tenkt å få folket mitt til å gløyma mitt namn, slik fedrane deira gløymde mitt namn for Baal.
28 Den profeten som har ein draum, skal fortelja draumen, men den som har mitt ord, skal tala mitt ord i sanning.Kva har halmen til felles med kornet?seier Herren.
29 Er ikkje mitt ord lik ein eld, seier Herren,lik ei sleggje som knuser berg?