8 men: «Så sant Herren lever, han som førte Israels hus og ætt heim frå landet i nord» – og frå alle dei landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på eiga jord.
9 Om profetane.Hjartet i mitt indre er brote sund,alle knoklane skjelv.Eg har vorte som ein drukken,ein som vinen har fått makta over,på grunn av Herrenog hans heilage ord.
10 Landet er fullt av ekteskapsbrytarar.Landet sørgjer fordi det er forbanna,ørkenbeita tørkar bort.Folk spring etter det som er vondt,og har sin styrke i urett.
11 Både profet og prest er ugudelege,endå i huset mitt har eg funne vondskapen deira,seier Herren.
12 Difor skal vegen dei går på, bli glatt.Dei blir støytte ut i mørkret og fell.For eg fører ulukke over deii rekneskapens år,seier Herren.
13 Hos profetane i Samariahar eg sett fråstøytande ting.Dei profeterte ved Baalog førte Israel, mitt folk, vill.
14 Hos profetane i Jerusalemhar eg sett grufulle ting.Dei bryt ekteskapet og fer med løgn,dei styrkjer hendene til ugjerningsmennså ingen vil venda om frå sin vondskap.For meg har dei alle vorte som Sodoma,dei som bur der, har vorte som Gomorra.