2 I den eine korga var det fikenar av beste slag, like gode som forsommarfikenar. I den andre korga var det fikenar av dårlegaste slag, så dårlege at dei ikkje kunne etast.
3 Herren sa til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Fikenar. Dei gode fikenane er av beste slag, og dei dårlege er av dårlegaste slag, så dårlege at dei ikkje kan etast.»
4 Då kom Herrens ord til meg:
5 Så seier Herren, Israels Gud: Slik du ser på desse gode fikenane, ser eg med godvilje på judearane i eksil, dei som eg sende frå denne staden til kaldearlandet.
6 Når eg vender auga mot dei til det gode, fører eg dei tilbake til dette landet. Eg skal byggja dei opp og ikkje knusa, planta dei og ikkje rykkja opp.
7 Eg gjev dei eit hjarte til å kjenna meg, for eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud når dei vender om til meg av heile sitt hjarte.
8 Men slik ein gjer med dårlege fikenar, så dårlege at dei ikkje kan etast, seier Herren, slik vil eg gjera med Juda-kongen Sidkia og stormennene hans og resten av Jerusalem, både dei som er att her i landet, og dei som no bur i Egypt.