1 Dette ordet kom til Jeremia om heile folket i Juda i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, det vil seia det første året Nebukadnesar var konge i Babel,
2 og profeten Jeremia sa det til heile folket i Juda og alle som budde i Jerusalem:
3 Frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda og til denne dag, i tjuetre år, har Herrens ord kome til meg. Seint og tidleg har eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra.
4 Seint og tidleg sende Herren alle sine tenarar, profetane, til dykk, men de ville ikkje høyra. De vende ikkje øyra til for å høyra når
5 dei sa: Vend om, kvar frå sin vonde veg og sine vonde gjerningar, så skal de til alle tider få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar.