17 Då tok eg begeret frå Herrens hand og skjenkte til alle folkeslaga han sende meg til:
18 Jerusalem og byane i Juda, kongane og stormennene der, så dei skulle bli til ruin og øydemark, til spott og forbanning, slik det er i dag;
19 farao, kongen i Egypt, tenarane og stormennene hans og heile folket hans,
20 og alt blandingsfolket; alle kongane i Us, alle kongane i filistarlandet, Asjkalon, Gaza, Ekron og dei som er att i Asjdod;
21 Edom, Moab og Ammon,
22 alle kongane i Tyros og Sidon og kongane frå fjerne kystar på andre sida av havet;
23 Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklipt hår ved tinningen;