23 Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklipt hår ved tinningen;
24 alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i ørkenen;
25 alle kongane i Simri, Elam og Media;
26 alle kongane i nord, både nære og fjerne, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Til sist skal òg kongen i Sjesjak drikka.
27 Du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Drikk til de blir fulle og spyr! De skal falla for sverdet eg sender imellom dykk og ikkje reisa dykk att.
28 Men om dei nektar å ta begeret frå di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren over hærskarane: Drikka skal de!
29 Sjå, først sender eg ulukke over byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar på sverdet og sender det mot alle som bur på jorda, seier Herren over hærskarane.