13 Og no, gjer vegane og gjerningane dykkar gode og lyd Herren dykkar Gud. Då vil Herren angra det vonde han har truga dykk med.
14 Men eg, sjå, eg er i dykkar hender. Gjer med meg slik det er rett og godt i dykkar auge.
15 Men det skal de vita at om de drep meg, fører de uskuldig blod både over dykk sjølve og over denne byen og dei som bur der. For Herren har sanneleg sendt meg til dykk så eg skulle seia alle desse orda medan de høyrde på.»
16 Då sa leiarane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen må ikkje dømmast til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.»
17 Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla:
18 «Mika frå Moresjet, som profeterte i dei dagane då Hiskia var konge i Juda, sa til alt folket i Juda: Så seier Herren over hærskarane:Sion skal pløyast til åker,Jerusalem skal bli til ruinog tempelberget til haugar dekte av skog.
19 Men drap Juda-kongen Hiskia og alt folket i Juda han for det? Nei, kongen frykta Herren og bad om velvilje for hans andlet. Då angra Herren det vonde han hadde truga dei med. Skal då vi gjera så mykje vondt mot oss sjølve?»