15 Men det skal de vita at om de drep meg, fører de uskuldig blod både over dykk sjølve og over denne byen og dei som bur der. For Herren har sanneleg sendt meg til dykk så eg skulle seia alle desse orda medan de høyrde på.»
16 Då sa leiarane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen må ikkje dømmast til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.»
17 Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla:
18 «Mika frå Moresjet, som profeterte i dei dagane då Hiskia var konge i Juda, sa til alt folket i Juda: Så seier Herren over hærskarane:Sion skal pløyast til åker,Jerusalem skal bli til ruinog tempelberget til haugar dekte av skog.
19 Men drap Juda-kongen Hiskia og alt folket i Juda han for det? Nei, kongen frykta Herren og bad om velvilje for hans andlet. Då angra Herren det vonde han hadde truga dei med. Skal då vi gjera så mykje vondt mot oss sjølve?»
20 Det var òg ein annan mann som profeterte i Herrens namn, Uria, son til Sjemaja, frå Kirjat-Jearim. Han profeterte mot denne byen og dette landet på same måten som Jeremia.
21 Då kong Jojakim og alle krigarane og leiarane hans høyrde det han sa, prøvde kongen å drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt.