19 Men drap Juda-kongen Hiskia og alt folket i Juda han for det? Nei, kongen frykta Herren og bad om velvilje for hans andlet. Då angra Herren det vonde han hadde truga dei med. Skal då vi gjera så mykje vondt mot oss sjølve?»
20 Det var òg ein annan mann som profeterte i Herrens namn, Uria, son til Sjemaja, frå Kirjat-Jearim. Han profeterte mot denne byen og dette landet på same måten som Jeremia.
21 Då kong Jojakim og alle krigarane og leiarane hans høyrde det han sa, prøvde kongen å drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt.
22 Då sende kong Jojakim nokre menn til Egypt, Elnatan, Akbors son, og nokre andre saman med han.
23 Dei tok Uria med seg frå Egypt og førte han til kong Jojakim, som hogg han ned med sverd. Og liket hans vart kasta mellom gravene til vanlege folk.
24 Men Ahikam, Sjafans son, heldt si hand over Jeremia, så han ikkje kom i hendene på folket og vart drepen.