3 Kanskje dei då ville høyra og venda om frå sine vonde vegar. Då vil eg angra det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot dei på grunn av dei vonde gjerningane deira.
4 Du skal seia til dei: Så seier Herren: Dersom de ikkje vil lyda meg og følgja den lova eg har lagt fram for dykk,
5 og høyra på orda til tenarane mine, profetane som eg har sendt dykk seint og tidleg, endå de ikkje vil høyra,
6 så skal eg gjera med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal eg gjera til forbanning for alle folkeslag på jord.
7 Prestane og profetane og alt folket høyrde Jeremia seia desse orda i Herrens hus.
8 Og då Jeremia hadde sagt til folket alt det Herren hadde påbode han å seia, greip prestane og profetane og alt folket han og sa: «Du skal døy!
9 Kvifor har du profetert i Herrens namn og sagt: Det skal gå med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal leggjast i ruin så ingen kan bu her?» Og alt folket samla seg ikring Jeremia i Herrens hus.