1 I byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Jojakim, son til Josjia, kom dette ordet til Jeremia frå Herren:
2 Dette sa Herren til meg: Lag deg reip og åk og legg over nakken.
3 Send dei til kongane i Edom, Moab, Ammon, Tyros og Sidon med dei sendemennene som er komne til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem,
4 og byd dei å seia til herrane sine: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Dette skal de seia til herrane dykkar: