13 «Gå og sei til Hananja: Så seier Herren: Du har brote sund eit åk av tre. Men du skal laga åk av jern i staden.
14 For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Eit åk av jern legg eg over nakken på alle desse folkeslaga, for at dei skal tena kong Nebukadnesar av Babel og vera slavar under han. Sjølv dei ville dyra gjev eg over til han.»
15 Då sa profeten Jeremia til profeten Hananja: «Høyr, Hananja! Herren har ikkje sendt deg, men du har fått dette folket til å lita på løgn.
16 Difor seier Herren: Sjå, no sender eg deg bort frå jorda! I år skal du døy, for du forkynte fråfall frå Herren.»
17 Profeten Hananja døydde same året, i den sjuande månaden.