2 «Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Eg bryt åket til kongen av Babel.
3 Før to år er gått, fører eg tilbake til denne staden alt utstyr frå Herrens hus som Babel-kongen Nebukadnesar tok med seg herifrå og til Babel.
4 Og Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og dei frå Juda som kom i eksil til Babel, skal eg føra tilbake til denne staden, seier Herren, for eg bryt åket til kongen av Babel.»
5 Då svara profeten Jeremia profeten Hananja framfor auga på prestane og alt folket som stod i Herrens hus.
6 Profeten Jeremia sa: «Amen! Måtte Herren gjera slik! Måtte Herren oppfylla orda du profeterer og føra utstyret frå Herrens hus og alle som er i eksil, tilbake frå Babel til denne staden.
7 Høyr berre dette ordet som eg seier medan du og heile folket høyrer på:
8 Dei profetane som var i gamle dagar, før deg og meg, profeterte krig og ulukke og pest for mektige land og store rike.