1 Dette er orda i brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att i eksil, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført i eksil frå Jerusalem til Babel;
2 det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene og leiarane i Juda og Jerusalem og handverkarane og smedane.
3 Han sende brevet med Elasa, son til Sjafan, og Gemarja, son til Hilkia, som Juda-kongen Sidkia sende til Babel-kongen Nebukadnesar i Babel:
4 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: