12 Når de kallar på meg og kjem for å be til meg, vil eg høyra på dykk.
13 De skal søkja meg, og de skal finna meg. Når de søkjer meg av eit heilt hjarte,
14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden for dykk og samla dykk frå alle dei folkeslag og stader som eg har drive dykk bort til, seier Herren. Eg skal føra dykk til den staden eg førte dykk bort frå i eksil.
15 Men de seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babel.»
16 Så seier Herren om kongen som sit på Davids trone, og om alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje gjekk i eksil saman med dykk,
17 så seier Herren over hærskarane: Sjå, eg sender sverd og svolt og pest imot dei og gjer dei lik sprokne fikenar som er så dårlege at dei ikkje kan etast.
18 Eg forfølgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til ei redsle for alle rike på jord, til forbanning og gru, spott og vanære mellom alle dei folkeslag eg har drive dei bort til.