15 Men de seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babel.»
16 Så seier Herren om kongen som sit på Davids trone, og om alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje gjekk i eksil saman med dykk,
17 så seier Herren over hærskarane: Sjå, eg sender sverd og svolt og pest imot dei og gjer dei lik sprokne fikenar som er så dårlege at dei ikkje kan etast.
18 Eg forfølgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til ei redsle for alle rike på jord, til forbanning og gru, spott og vanære mellom alle dei folkeslag eg har drive dei bort til.
19 For dei ville ikkje lyda mine ord, seier Herren, endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra, seier Herren.
20 Men høyr no Herrens ord, alle de som eg har sendt frå Jerusalem til eksil i Babel!
21 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, om Ahab, son til Kolaja, og om Sidkia, son til Maaseja, som profeterer løgn for dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev dei over i hendene på Nebukadnesar, kongen av Babel. Han skal drepa dei framfor auga på dykk.