20 Men høyr no Herrens ord, alle de som eg har sendt frå Jerusalem til eksil i Babel!
21 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, om Ahab, son til Kolaja, og om Sidkia, son til Maaseja, som profeterer løgn for dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev dei over i hendene på Nebukadnesar, kongen av Babel. Han skal drepa dei framfor auga på dykk.
22 Dei skal bli brukte som forbanning mellom alle frå Juda som er i eksil i Babel: «Måtte Herren gjera deg lik Sidkia og Ahab, som kongen av Babel steikte på bålet!»
23 For dei gjorde skammelege gjerningar i Israel, braut ekteskapet med konene til kvarandre og tala usanne ord i mitt namn. Det hadde eg ikkje pålagt dei. Eg er han som veit det og kan vitna om det, seier Herren.
24 Til Sjemaja frå Nehlam skal du seia:
25 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja, son til Maaseja, og til alle dei andre prestane om at
26 Herren har sett deg til prest etter Jojada, så det kan vera tilsynsmenn i Herrens hus for alle desse som er frå vitet og driv og profeterer; du skal setja dei i gapestokk og halsjern.