27 No, kvifor trugar du ikkje Jeremia frå Anatot, han som driv og profeterer for dykk?
28 For no har han sendt brev til oss i Babel og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta!»
29 Dette brevet las presten Sefanja opp medan profeten Jeremia høyrde på.
30 Då kom Herrens ord til Jeremia:
31 Send bod til alle dei som er i eksil: Så seier Herren om Sjemaja frå Nehlam: Sjemaja har profetert for dykk utan at eg har sendt han, og han har fått dykk til å stola på løgn.
32 Difor seier Herren: Sjå, eg vil straffa Sjemaja frå Nehlam og hans ætt. Ingen av ætta hans skal få bu mellom dette folket og sjå kor mykje godt eg gjer mot folket mitt, seier Herren. For han har forkynt fråfall frå Herren.