1 Om ein mann sender bort kona siog ho går frå han og til ein annan mann,kan han så gå tilbake til henne?Nei, kvinna ville bli vanhelga.Og så skulle du,som har drive hor med mange grannar,koma tilbake til meg!seier Herren.
2 Lyft auga mot dei snaue høgdene og sjå!Finst det ein stad der du ikkje lét deg ta?Ved vegane sat du og baud deg framsom ein nomade i ørkenen.Du vanhelga landetmed hor og vondskap.
3 Difor vart regnskurene haldne tilbake,og vårregnet kom ikkje.Du hadde panna til ei hore,og du nekta å skamma deg.
4 Sanneleg, no ropar du til meg:«Min far, du er min ungdoms ven.
5 Vil han vera vreid til evig tid,vil han alltid gøyma på sin harme?»Det seier du, men du har handla vondtog det til gagns.
6 Herren sa til meg i kong Josjias dagar:Har du sett kva den fråfalne Israel har gjort? Ho gjekk opp på kvar høg haug og inn under kvart frodig tre og dreiv hor der.
7 Eg tenkte: «Når ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho koma tilbake til meg.» Men ho kom ikkje att.Dette såg Juda, den trulause systera hennar.