15 Så gjev eg dykk gjetarar som er etter mitt hjarte, og dei skal gjeta dykk med kunnskap og forstand.
16 I dei dagane, seier Herren, når de blir mange og er fruktbare i landet, skal dei ikkje lenger seia «Herrens paktkiste» og ikkje tenkja på henne. Dei skal ikkje minnast henne eller leita etter henne, og det skal ikkje lagast noka ny.
17 På den tida skal dei kalla Jerusalem for Herrens trone. Der skal alle folkeslag samla seg, i Herrens namn, i Jerusalem. Dei skal ikkje lenger følgja sitt vonde og sjølvrådige hjarte.
18 I dei dagane skal Judas hus gå i lag med Israels hus, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til eige.
19 Eg sa:Eg vil setja deg mellom sønerog gje deg eit herleg land,den prektigaste arven mellom folkeslaga.Eg tenkte de ville kalla meg farog ikkje venda dykk bort frå meg.
20 Men som ei kvinne er trulaus mot venen sin,slik var de trulause mot meg, Israels hus,seier Herren.
21 Det høyrest rop på dei snaue høgdene,gråt og bøner frå israelittane.For dei har gått krokete vegar,dei har gløymt Herren sin Gud.