18 Så seier Herren:Sjå, eg vil venda lagnaden til Jakobs teltog visa miskunn mot hans bustader.Kvar by skal byggjast på sin ruinhaug,kvar borg skal stå på sin rette stad.
19 Frå dei skal det lyda lovsong og latter.Eg gjer dei fleire, ikkje færre,eg gjev dei ære, dei skal ikkje vanvørdast.
20 Borna hans skal vera som før,forsamlinga skal stå fast for mitt andlet.Eg vil straffa alle som undertrykkjer dei.
21 Den fremste i folket skal vera ein av deira eigne,herskaren skal koma frå dei sjølve.Eg lèt han koma og stiga fram for meg.For kven vil elles gje hjartet i pantfor å nærma seg meg? seier Herren.
22 Då skal de vera mitt folk,og eg skal vera dykkar Gud.
23 Sjå, no bryt harmen ut som eit uvêr frå Herren,ein storm fer av stadog kvervlar mot hovuda til dei urettferdige.