1 På den tid, seier Herren, skal eg vera Gud for alle slektene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
2 Så seier Herren:Det folket som slapp unna sverdet,har funne nåde i ørkenen.Israel skal dra av stad og finna ro.
3 Frå det fjerne synte Herren seg for meg:Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel,difor har eg heile tida vist deg miskunn.
4 Endå ein gong vil eg byggja deg,du skal byggjast opp att.Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommeneog gå ut i latter og dans.