11 For Herren har fria Jakob utog kjøpt han frifrå hender som er sterkare enn hans.
12 Dei skal koma og jubla på Sion-høgda,stråla av glede over Herrens gode gåver:korn og ny vin og fin olje,sauer og oksar.Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage,dei skal ikkje lenger lida naud.
13 Då skal jomfrua gleda seg i dansen,unge menn saman med dei gamle.Eg vender sorg til fryd for dei,trøystar og gleder dei som klagar.
14 Eg gjev prestane rikeleg med feittog mettar mitt folk med gode gåver,seier Herren.
15 Så seier Herren:I Rama høyrest skrik,klagesong og bitter gråt.Rakel græt over borna sineog vil ikkje la seg trøysta.For borna hennar er ikkje meir.
16 Så seier Herren:Gråt ikkje så høgt,fell ikkje tårer!Du skal få løn for strevet, seier Herren,dei skal venda heim frå fiendeland.
17 Det er von for etterkomarane dine, seier Herren,borna skal venda heim til sitt eige land.