13 Då skal jomfrua gleda seg i dansen,unge menn saman med dei gamle.Eg vender sorg til fryd for dei,trøystar og gleder dei som klagar.
14 Eg gjev prestane rikeleg med feittog mettar mitt folk med gode gåver,seier Herren.
15 Så seier Herren:I Rama høyrest skrik,klagesong og bitter gråt.Rakel græt over borna sineog vil ikkje la seg trøysta.For borna hennar er ikkje meir.
16 Så seier Herren:Gråt ikkje så høgt,fell ikkje tårer!Du skal få løn for strevet, seier Herren,dei skal venda heim frå fiendeland.
17 Det er von for etterkomarane dine, seier Herren,borna skal venda heim til sitt eige land.
18 Eg har høyrt Efraim synast synd på seg sjølv:Du har tukta meg,eg vart tukta som ein utamd kalv.Vend meg om, så eg kan venda heim!For du er Herren min Gud.
19 Då eg hadde vendt meg bort,angra eg,og då eg fekk innsikt,slo eg meg på låret.Skam og vanære må eg berafor min ungdoms spott.