20 Er Efraim min dyrebare son,er han mitt kjæraste barn?Kvar gong eg talar imot han,må eg likevel tenkja på han.Difor skjelv mitt indre for han,eg må visa miskunn mot han,seier Herren.
21 Reis merkesteinar,set opp vegmerke!Legg nøye merke til den vegen du gjekk!Vend attende, jomfru Israel,attende til desse byane dine!
22 Kor lenge vil du snu deg hit og dit,du fråfalne dotter?No skaper Herren noko nytt i landet,ei kvinne skal verja ein mann.
23 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal Juda og byane der seia desse orda når eg vender lagnaden for dei: «Herren velsigne deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.»
24 Der skal Juda og alle byane bu saman, både bønder og gjetarar som flakkar ikring med flokken sin.
25 Eg gjev den slitne rikeleg å drikka og mettar alle som lid naud.
26 Då vakna eg og såg meg ikring. Søvnen hadde gjort meg godt.