27 Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg sår ut menneske og dyr i Israels og Judas hus.
28 Og slik eg før vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, knusa, øydeleggja og skada, slik vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, seier Herren.
29 På den tidskal dei ikkje lenger seia:Fedrane åt sure druer,og borna fekk dårlege tenner.
30 Men kvar skal døy for si eiga synd.Den som et sure druer,skal sjølv få dårlege tenner.
31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,då eg gjer ei ny paktmed Israels hus og Judas hus,
32 ikkje som den paktaeg gjorde med fedrane deiraden dagen eg tok dei i handaog førte dei ut frå Egypt;den pakta braut dei,endå eg var herren deira, seier Herren.
33 Men dette er pakta eg vil gjeramed Israels hus i dagar som kjem,seier Herren:Eg legg mi lov i sinnet deiraog skriv henne i hjartet deira.Eg skal vera deira Gud,og dei skal vera mitt folk.