29 På den tidskal dei ikkje lenger seia:Fedrane åt sure druer,og borna fekk dårlege tenner.
30 Men kvar skal døy for si eiga synd.Den som et sure druer,skal sjølv få dårlege tenner.
31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,då eg gjer ei ny paktmed Israels hus og Judas hus,
32 ikkje som den paktaeg gjorde med fedrane deiraden dagen eg tok dei i handaog førte dei ut frå Egypt;den pakta braut dei,endå eg var herren deira, seier Herren.
33 Men dette er pakta eg vil gjeramed Israels hus i dagar som kjem,seier Herren:Eg legg mi lov i sinnet deiraog skriv henne i hjartet deira.Eg skal vera deira Gud,og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lengerundervisa sin neste og sin brorog seia: «Kjenn Herren!»For dei skal alle kjenna meg,både små og store, seier Herren.For eg vil tilgje skulda deiraog ikkje lenger hugsa synda.
35 Så seier Herren,han som sette sola til å lysa om dagenog baud månen og stjernene å lysa om natta,han som rører opp havet så bølgjene drønnar, Herren over hærskarane er hans namn: