33 Men dette er pakta eg vil gjeramed Israels hus i dagar som kjem,seier Herren:Eg legg mi lov i sinnet deiraog skriv henne i hjartet deira.Eg skal vera deira Gud,og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lengerundervisa sin neste og sin brorog seia: «Kjenn Herren!»For dei skal alle kjenna meg,både små og store, seier Herren.For eg vil tilgje skulda deiraog ikkje lenger hugsa synda.
35 Så seier Herren,han som sette sola til å lysa om dagenog baud månen og stjernene å lysa om natta,han som rører opp havet så bølgjene drønnar, Herren over hærskarane er hans namn:
36 Lèt eg desse skipnadene vika,seier Herren,då skal òg Israels ætt for alltidhalda opp med å vera eit folk for mitt andlet.
37 Så seier Herren:Om himmelen der oppe kan målastog grunnvollane på jorda der nede granskast,då vil eg òg støyta frå megheile Israels ættfor alt det dei har gjort, seier Herren.
38 Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten.
39 Målesnora skal gå vidare beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa.