4 Endå ein gong vil eg byggja deg,du skal byggjast opp att.Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommeneog gå ut i latter og dans.
5 Endå ein gong skal du planta vinmarkerpå fjella i Samaria,og dei som har planta, skal sjølve ta dei i bruk.
6 Ja, det kjem ein dagdå vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet:Kom, lat oss dra opp til Sion,til Herren vår Gud!
7 Så seier Herren:Bryt ut i jubel og glede for Jakob,rop høgt for det fremste av folkeslag!Lat lovsong lyda, og sei:«Herre, frels ditt folk,Israels rest!»
8 Sjå, eg fører dei tilbake frå landet i nord,eg samlar dei frå ytste enden av jorda.Mellom dei er både blinde og halte,gravide og fødande kvinner;dei vender attende i store flokkar.
9 Dei kjem med gråt,eg leier dei med trøyst.Eg fører dei til rennande bekker,på jamn veg der dei ikkje snublar.For eg er ein far for Israel,og Efraim er min førstefødde son.
10 Høyr Herrens ord, de folkeslag!Forkynn det til fjerne kystar og sei:Han som spreidde Israel,skal samla og vakta detsom ein gjetar vaktar sin flokk.