10 Eg sette opp eit dokument og forsegla det, fekk vitne til å stadfesta det og vog opp sølv i skålvekt.
11 Så tok eg skøytet, både den delen som var forsegla, i samsvar med bod og forskrifter, og den som var open.
12 Eg gav det til Baruk, son til Neria, Mahsejas son, framfor auga på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på skøytet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden.
13 For auga deira påla eg Baruk:
14 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Ta desse rullane, dette skøytet, både den delen som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke så dei kan halda seg lenge.
15 For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vinmarker i dette landet.
16 Eg bad til Herren etter at eg hadde gjeve skøytet til Baruk, son til Neria: