14 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Ta desse rullane, dette skøytet, både den delen som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke så dei kan halda seg lenge.
15 For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vinmarker i dette landet.
16 Eg bad til Herren etter at eg hadde gjeve skøytet til Baruk, son til Neria:
17 Å, min Herre og Gud! Sjå, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din utstrekte arm. Ingen ting er umogleg for deg.
18 Du viser trufast kjærleik i tusen slektsledd, men sender straffa for skulda til fedrane i fanget på borna deira. Du store, veldige Gud, Herren over hærskarane er ditt namn,
19 stor er du i råd og mektig i gjerning. Auga dine ser vegane til menneska, du gjev kvar og ein etter hans vegar og etter frukta av hans gjerningar.
20 Du gjorde teikn og under i Egypt slik du gjer den dag i dag både i Israel og mellom andre menneske. Du har skapt deg eit namn slik det er i dag.