17 Å, min Herre og Gud! Sjå, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din utstrekte arm. Ingen ting er umogleg for deg.
18 Du viser trufast kjærleik i tusen slektsledd, men sender straffa for skulda til fedrane i fanget på borna deira. Du store, veldige Gud, Herren over hærskarane er ditt namn,
19 stor er du i råd og mektig i gjerning. Auga dine ser vegane til menneska, du gjev kvar og ein etter hans vegar og etter frukta av hans gjerningar.
20 Du gjorde teikn og under i Egypt slik du gjer den dag i dag både i Israel og mellom andre menneske. Du har skapt deg eit namn slik det er i dag.
21 Du førte ditt folk Israel ut frå Egypt med teikn og under, med sterk hand og utstrekt arm og skremmande kraft,
22 og du gav dei dette landet som du med eid hadde lova å gje fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.
23 Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje lyda deg og følgde ikkje di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde pålagt dei. Så lét du all denne ulukka ramma dei.