2 Den gongen var Jerusalem kringsett av hæren til kongen av Babel, og profeten Jeremia sat fengsla i vaktgarden på slottet til kongen av Juda.
3 Kong Sidkia av Juda hadde fengsla han og sagt: «Kvifor profeterer du: Så seier Herren: Sjå, eg gjev denne byen over i hendene på kongen av Babel, og han skal ta han.
4 Og Sidkia, kongen i Juda, skal ikkje sleppa unna kaldearane, men gjevast over i hendene på kongen av Babel, snakka med han andlet til andlet og sjå han auge i auge.
5 Han skal føra Sidkia til Babel, og der skal han vera heilt til eg tek meg av han, seier Herren. Når de kjempar mot kaldearane, skal de ikkje lukkast.»
6 Jeremia sa: Herrens ord kom til meg:
7 Sjå, no kjem Hanamel, son til onkelen din, Sjallum, til deg og seier: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot. For du har rett til å løysa det inn og kjøpa det.»
8 Og så kom Hanamel, son til onkelen min, til meg i vaktgarden slik Herren hadde sagt, og sa: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot i Benjamin-landet. For du har odelsretten og innløysingsretten. Du må kjøpa det.»Då skjøna eg at det var eit ord frå Herren.