24 Sjå, det har kome vollar rundt byen, så dei kan ta han. Ved sverd og svolt og pest er byen gjeven over i hendene på kaldearane som går til åtak på han. Det du har sagt, har hendt. Du kan sjå det sjølv.
25 Men du, min Herre og Gud, seier til meg: «Kjøp deg dette jordstykket for pengar og lat vitne stadfesta kjøpet!» – og det medan byen blir gjeven over i hendene på kaldearane.
26 Då kom Herrens ord til Jeremia:
27 Sjå, eg, Herren, er Gud for alt som lever. Er noko umogleg for meg?
28 Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, og han skal ta han.
29 Kaldearane som går til åtak på denne byen, skal koma inn og setja eld på han. Dei skal brenna opp byen og alle husa der folk tende offereld for Baal på taka, auste ut drikkoffer for andre gudar og gjorde meg rasande.
30 For heilt frå ungdomen av har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine auge. Ja, israelittane gjer meg stadig rasande med slikt dei lagar med eigne hender, seier Herren.