27 Sjå, eg, Herren, er Gud for alt som lever. Er noko umogleg for meg?
28 Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, og han skal ta han.
29 Kaldearane som går til åtak på denne byen, skal koma inn og setja eld på han. Dei skal brenna opp byen og alle husa der folk tende offereld for Baal på taka, auste ut drikkoffer for andre gudar og gjorde meg rasande.
30 For heilt frå ungdomen av har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine auge. Ja, israelittane gjer meg stadig rasande med slikt dei lagar med eigne hender, seier Herren.
31 Denne byen har gjort meg vreid og harm heilt frå den gong dei bygde han og fram til denne dag. Han skal bort frå mitt andlet,
32 for israelittane og judearane har gjort så mykje vondt, dei har gjort meg rasande, både dei og kongane og leiarane deira, prestane og profetane deira, mennene i Juda og innbyggjarane i Jerusalem.
33 Dei snudde ryggen til meg, ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og ikkje ta imot lærdom.