33 Dei snudde ryggen til meg, ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og ikkje ta imot lærdom.
34 Men dei avskyelege gudane sine sette dei opp i huset som mitt namn er nemnt over, så det vart ureint.
35 Dei bygde offerhaugar for Baal i Ben-Hinnom-dalen for å ofra sønene og døtrene sine til Molok. Det har eg ikkje pålagt dei, det har aldri vore i mine tankar at dei skulle gjera noko så avskyeleg og slik få Juda til å synda.
36 Difor, no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven over i hendene på kongen av Babel og til sverd og svolt og pest:
37 Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min store vreide og harme og i mitt sinne, og fører dei tilbake til denne staden og lèt dei bu trygt.
38 Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
39 Eg gjev dei eitt hjarte og éin veg for at dei alltid skal frykta meg, til beste for dei sjølve og borna deira etter dei.