35 Dei bygde offerhaugar for Baal i Ben-Hinnom-dalen for å ofra sønene og døtrene sine til Molok. Det har eg ikkje pålagt dei, det har aldri vore i mine tankar at dei skulle gjera noko så avskyeleg og slik få Juda til å synda.
36 Difor, no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven over i hendene på kongen av Babel og til sverd og svolt og pest:
37 Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min store vreide og harme og i mitt sinne, og fører dei tilbake til denne staden og lèt dei bu trygt.
38 Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
39 Eg gjev dei eitt hjarte og éin veg for at dei alltid skal frykta meg, til beste for dei sjølve og borna deira etter dei.
40 Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera godt mot dei. Eg legg frykt for meg i hjartet deira, så dei ikkje skal vika frå meg.
41 Eg vil gleda meg over dei og gjera godt imot dei. Av heile mitt hjarte og heile mi sjel skal eg trufast planta dei i dette landet.