5 Han skal føra Sidkia til Babel, og der skal han vera heilt til eg tek meg av han, seier Herren. Når de kjempar mot kaldearane, skal de ikkje lukkast.»
6 Jeremia sa: Herrens ord kom til meg:
7 Sjå, no kjem Hanamel, son til onkelen din, Sjallum, til deg og seier: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot. For du har rett til å løysa det inn og kjøpa det.»
8 Og så kom Hanamel, son til onkelen min, til meg i vaktgarden slik Herren hadde sagt, og sa: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot i Benjamin-landet. For du har odelsretten og innløysingsretten. Du må kjøpa det.»Då skjøna eg at det var eit ord frå Herren.
9 Så kjøpte eg jordstykket i Anatot av Hanamel, son til onkelen min, og vog opp pengane; det var sytten sjekel sølv.
10 Eg sette opp eit dokument og forsegla det, fekk vitne til å stadfesta det og vog opp sølv i skålvekt.
11 Så tok eg skøytet, både den delen som var forsegla, i samsvar med bod og forskrifter, og den som var open.