1 Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han enno sat fengsla i vaktgarden:
2 Så seier Herren, som skapte jorda, Herren, som forma og grunnfeste henne, Herren er hans namn:
3 Rop på meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting som du ikkje kjenner til.
4 For så seier Herren, Israels Gud, om husa i denne byen og om husa til Juda-kongen, dei som vart rivne ned for å brukast til vern mot vollar og sverd
5 då innbyggjarane kom i strid med kaldearane og husa deira vart fylte med lik, den gongen eg slo dei ned i vreide og harme:Eg har vendt andletet bort frå denne byen på grunn av all deira vondskap.