10 Så seier Herren: De seier at denne staden er aud, utan menneske og dyr, byane i Juda og gatene i Jerusalem er aude, ikkje eitt menneske bur der, ikkje eitt dyr, men endå ein gong skal det høyrast
11 lyd av fryd og glede, røyst av brudgom og brur, rop frå folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Takk Herren over hærskarane, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet som i den første tid, seier Herren.
12 Så seier Herren over hærskarane: På denne staden som er aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring skal det på nytt vera beite der gjetarar lèt sauene kvila.
13 I byane både i fjellandet, i låglandet og i Negev, i Benjamin-landet og i området rundt Jerusalem og i Judas byar skal saueflokkar atter gå fram under handa til han som tel dei, seier Herren.
14 Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav til Israel og Juda.
15 I dei dagane og på den tida lèt eg det spira fram ei rettferdig spire for David. Han skal gjera det som er rett og rettferdig i landet.
16 I dei dagane skal Juda bli frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette skal ho heita: «Herren, vår rettferd».