3 Rop på meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting som du ikkje kjenner til.
4 For så seier Herren, Israels Gud, om husa i denne byen og om husa til Juda-kongen, dei som vart rivne ned for å brukast til vern mot vollar og sverd
5 då innbyggjarane kom i strid med kaldearane og husa deira vart fylte med lik, den gongen eg slo dei ned i vreide og harme:Eg har vendt andletet bort frå denne byen på grunn av all deira vondskap.
6 Sjå, eg lèt såra hennar gro og lækjer henne. Så lækjer eg dei og openberrar ein rikdom av fred og tryggleik for dei.
7 Eg vender lagnaden for Juda og Israel og byggjer dei opp som i den første tid.
8 Eg reinsar dei for all skuld og tilgjev dei alle syndene og lovbrota dei gjorde mot meg.
9 Byen skal bli til ære og glede for meg, til pris og pryd mellom alle folkeslag på jord, dei skal høyra om alt det gode eg gjer for dei, og skjelva i ærefrykt for all den lukke og fred eg skaper for dei.