6 Sjå, eg lèt såra hennar gro og lækjer henne. Så lækjer eg dei og openberrar ein rikdom av fred og tryggleik for dei.
7 Eg vender lagnaden for Juda og Israel og byggjer dei opp som i den første tid.
8 Eg reinsar dei for all skuld og tilgjev dei alle syndene og lovbrota dei gjorde mot meg.
9 Byen skal bli til ære og glede for meg, til pris og pryd mellom alle folkeslag på jord, dei skal høyra om alt det gode eg gjer for dei, og skjelva i ærefrykt for all den lukke og fred eg skaper for dei.
10 Så seier Herren: De seier at denne staden er aud, utan menneske og dyr, byane i Juda og gatene i Jerusalem er aude, ikkje eitt menneske bur der, ikkje eitt dyr, men endå ein gong skal det høyrast
11 lyd av fryd og glede, røyst av brudgom og brur, rop frå folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Takk Herren over hærskarane, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet som i den første tid, seier Herren.
12 Så seier Herren over hærskarane: På denne staden som er aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring skal det på nytt vera beite der gjetarar lèt sauene kvila.