15 Nyleg vende de om og gjorde det som rett er i mine auge, de ropa ut fridom for nesten og gjorde ei pakt for mitt andlet i det huset som namnet mitt er nemnt over.
16 Men så snudde de om og vanæra mitt namn, de tok tilbake slavane de hadde gjeve fri, menn og kvinner, og tvinga dei til slaveri att.
17 Difor seier Herren: Fordi de ikkje ville høyra på meg og ropa ut fridom for neste og bror, skal eg no ropa ut fridom for dykk, seier Herren: fridom til sverd og pest og svolt. Eg skal gjera dykk til redsle for alle rike på jord.
18 Dei som braut pakta mi og ikkje heldt orda i den pakta dei gjorde for mitt andlet, med dei skal eg gjera som med den kalven dei skar i to så dei kunne gå mellom stykka.
19 Leiarane i Juda og Jerusalem, hoffmennene og prestane og alt folket i landet som gjekk mellom stykka av kalven,
20 gjev eg i hendene på fiendar og folk som står dei etter livet. Lika av dei skal bli til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka.
21 Kong Sidkia av Juda og leiarane hans gjev eg i hendene på fiendar og folk som står dei etter livet, hæren til kongen av Babel, som no har drege bort frå dykk.