4 Men høyr no Herrens ord, Sidkia, du som er konge i Juda! Så seier Herren om deg: Du skal ikkje døy for sverd,
5 i fred skal du døy. Og slik dei kveikte eld til ære for fedrane dine som var kongar før deg, skal dei òg kveikja eld til ære for deg. Dei skal halda sørgjehøgtid over deg og ropa: «Å ve, herre!» Dette er ordet eg har tala, seier Herren.
6 Alt dette tala profeten Jeremia til kong Sidkia av Juda i Jerusalem
7 medan hæren til kongen av Babel gjekk til åtak på Jerusalem og alle byane som var att i Juda, Lakisj og Aseka. Det var dei einaste festningsbyane som var att i Juda.
8 Dette ordet kom til Jeremia frå Herren etter at kong Sidkia hadde gjort ei pakt med alt folket i Jerusalem om å ropa ut fridom.
9 Den som hadde ein hebraisk slave, mannleg eller kvinneleg, skulle gje slaven fri; ingen skulle halda ein judeisk landsmann som slave.
10 Alle leiarane og alt folket som slutta seg til pakta, lydde henne. Dei sette slavane sine fri, menn og kvinner, og heldt dei ikkje lenger som slavar. Dei lydde og lét dei gå.