7 medan hæren til kongen av Babel gjekk til åtak på Jerusalem og alle byane som var att i Juda, Lakisj og Aseka. Det var dei einaste festningsbyane som var att i Juda.
8 Dette ordet kom til Jeremia frå Herren etter at kong Sidkia hadde gjort ei pakt med alt folket i Jerusalem om å ropa ut fridom.
9 Den som hadde ein hebraisk slave, mannleg eller kvinneleg, skulle gje slaven fri; ingen skulle halda ein judeisk landsmann som slave.
10 Alle leiarane og alt folket som slutta seg til pakta, lydde henne. Dei sette slavane sine fri, menn og kvinner, og heldt dei ikkje lenger som slavar. Dei lydde og lét dei gå.
11 Men sidan snudde dei om, dei tok tilbake slavane som dei hadde gjeve fri, menn og kvinner, og tvinga dei til slaveri att.
12 Då kom Herrens ord til Jeremia frå Herren:
13 Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut frå Egypt, ut frå slavehuset: