9 Den som hadde ein hebraisk slave, mannleg eller kvinneleg, skulle gje slaven fri; ingen skulle halda ein judeisk landsmann som slave.
10 Alle leiarane og alt folket som slutta seg til pakta, lydde henne. Dei sette slavane sine fri, menn og kvinner, og heldt dei ikkje lenger som slavar. Dei lydde og lét dei gå.
11 Men sidan snudde dei om, dei tok tilbake slavane som dei hadde gjeve fri, menn og kvinner, og tvinga dei til slaveri att.
12 Då kom Herrens ord til Jeremia frå Herren:
13 Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut frå Egypt, ut frå slavehuset:
14 «Kvart sjuande år skal kvar og ein av dykk gje fri sin hebraiske landsmann som har måtta selja seg til deg. Seks år skal han tena deg, men så skal du setja han fri og la han gå.» Men fedrane dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyret til.
15 Nyleg vende de om og gjorde det som rett er i mine auge, de ropa ut fridom for nesten og gjorde ei pakt for mitt andlet i det huset som namnet mitt er nemnt over.