1 Dette ordet kom til Jeremia frå Herren i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:
2 Gå til huset til rekabittane og tal til dei! Ta dei med deg til eit av romma i Herrens hus og gjev dei vin å drikka!
3 Då tok eg med meg Jaasanja, son til Jeremia, Habasinjas son, brørne hans og alle sønene hans og heile huset til rekabittane.
4 Eg tok dei med inn i Herrens hus, i rommet til sønene av gudsmannen Hanan, son til Jigdalja. Det låg attmed rommet til leiarane, ovanfor rommet til dørvaktaren Maaseja, son til Sjallum.
5 Så sette eg fram mugger fulle av vin og drikkebeger for rekabittane. Eg bad dei drikka av vinen.