2 Gå til huset til rekabittane og tal til dei! Ta dei med deg til eit av romma i Herrens hus og gjev dei vin å drikka!
3 Då tok eg med meg Jaasanja, son til Jeremia, Habasinjas son, brørne hans og alle sønene hans og heile huset til rekabittane.
4 Eg tok dei med inn i Herrens hus, i rommet til sønene av gudsmannen Hanan, son til Jigdalja. Det låg attmed rommet til leiarane, ovanfor rommet til dørvaktaren Maaseja, son til Sjallum.
5 Så sette eg fram mugger fulle av vin og drikkebeger for rekabittane. Eg bad dei drikka av vinen.
6 Men dei svara: Vi drikk ikkje vin. For far vår, Jonadab, son til Rekab, har forbode oss det og sagt: «De skal aldri drikka vin, korkje de eller borna dykkar.
7 De skal ikkje byggja hus eller så korn og ikkje planta eller eiga vinmarker. I telt skal de bu alle dykkar dagar, så de kan leva lenge i det landet der de er innflyttarar.»
8 Sidan har vi vore lydige mot alt det far vår Jonadab, son til Rekab, baud oss: I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre.